Hopp til innhold
X
Innhald

Brødrene Wangen

Ragnvald T. Wangen overtok landhandelen i 1917 saman med broren Per.

Ragnvald T. Wangen overtok landhandelen i 1917 saman med broren Per.

Brødrene Wangen vart starta i 1897 då Torstein Wangen kjøpte delar av konkursbuet etter familien Brun (sjå Rosendahl og Brun-epoken på Vangen).

Torstein Wangen (1855–1917) stamma frå Fresvik. Frå konkursbuet kjøpte han handelsbua, kaia og sjøbuene på Vangen og eit fargeri i Skinnarviki.

Torstein Wangen sine søner Per Wangen og Ragnvald Wangen overtok i 1917 og kalla handelsfirmaet Brødrene Wangen.

Butikken er i seinare overteken av ICA og har namnet ICA Nær Aurland.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 01.06.2011