Hopp til innhold
X
Innhald

Budeia skaut bjørn

På stølen Hjølmo under Dyrdal var dei ofte plaga av bjørn.
Difor vart stølshusa og kvia ikring verna med ein høg steinmur. For å halde bjørnen på avstand vart det ofte tent opp never og sprake på murane. På denne stølen skal ei av budeiene ha skote bjørn med munnladningsgevær. Siste bjørnen i området vart sett i 1915.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 05.05.2007