Hopp til innhold
X
Innhald

Bygdesenteret Aurlandsvangen vert til

Aurlandsvangen i 1957. © Johan Ottesens arkiv.

Aurlandsvangen i 1957. © Johan Ottesens arkiv.

Vangen er tettstaden kring den gamle mellomalderkyrkja i Aurland. Her utvikla det seg frå 1850 eit tyngdepunkt i bygda, med handel, hotell, bank, dampskipskai og kommuneadminstrasjon.

Seinare kom både ungdomshus, administrasjonhus for kommunen og andre offentlege bygningar til. Mykje av det som vart skapt på Vangen, hadde sitt opphav i ein uvanleg aktiv mann: Hans Johannes Brun.

Varebyte med engelskmenn i Aurland?

Ein reknar med at både Onstad og Vangen frå dei eldste tider var stader der det utvikla seg eit livleg varebyte mellom hallingdøler som kom over fjella med jordbruksvarer og vilt, og sjøfarande folk som selde salt og andre naudsynte varer den andre vegen. Frå slutten av 1600-talet finst det skrifter som fortel at engelske skip brukte å lande i Aurland. Vi må tru at det var utsikter til å kjøpe skinn, pelsverk og viltkjøt som først og fremst lokka dei så langt inn i Sognefjorden.

Militære sler seg ned på Vangen

Aurlandske Compagnie vart skipa på 1600-talet, nytta dei først eit område ved Vangen kyrkje som eksersisplass, og her stod også ein militær lagerbygning. Kompanisjefen, oberst Jakob Gerhard Meidell sr., bygde seg hus der det kjende Aabelheim seinare vart reist. Og ein seinare kompanisjef, kaptein Mathias Juell, kjøpte seg eigedomar på Vangen og bygde eit hus - Juell-huset - som seinare skulle spele ein sentral rolle i utviklinga av Vangen som handelsstad og tettstad.

Det første gjestgiveriet i Aurland

Det første gjestgiveriet i Aurland

Den militære aktiviteten kan vere grunnen til at den tilflytta korporalen Sivert Johannessen i 1726 fekk løyve til å drive gjestgiveri på Vangen. Han fekk løyve til å drive handel med kornvarer, malt, tobakk og brennevin. Dette gjestgiveriet låg på ein stad som var almenning for bygda. Men han hadde konkurrentar: Ein av dei som vert nemnt å drive handel på same tid, var kaptein Jakob Gerhard Meidell sr.

Aurlandsvangen ca. 1900. Foto: N. M. Nielsen Hjørring.

Aurlandsvangen ca. 1900. Foto: N. M. Nielsen Hjørring.

Aurlandsvangen hadde vektar

På denne tida fekk Vangen eigen bygdevektar - eller stotar/stortakonge som slike lokale vaktmenn vart kalla. I eldre dagar vart det tilsett vektarar i mange bygder i fylket - særleg der det var ein noko tettare busetnad. Slik hadde også Aurlandsvangen sin eigen vektar - eller «stotar» og «stotarkonge», som han også vart kalla. Ein av dei som hadde dette vervet på 1800-talet, var kyrkjetenar Hans Hansen Vinjum (1817–1887).

Vektaren si oppgåve var først og fremst å jage tiggarar og omreisande fantar bort frå bygda. Men han kunne også ha andre oppgåver - m.a. som brannvakt der husa låg tett, slik som på Vikøyri - sjå: Bygdevektaren i Vik.

Aurland - truleg etter andre verdskrigen, med Onstad nærast. Biletet er teke i samband med eit flåtebesøk, vi ser eit hangarskip på veg ut fjorden. Foto: Normann.

Aurland - truleg etter andre verdskrigen, med Onstad nærast. Biletet er teke i samband med eit flåtebesøk, vi ser eit hangarskip på veg ut fjorden. Foto: Normann.

Tyngdepunktet mellombels over til Onstad-sida

Korporal Sivert Johannesen vart gift med ei jordajente på Onstad på andre sida av Aurlandselvi, og i 1737 fekk han løyve til å drive gjestgiveri der. Onstad vart samstundes fast tingstad for bygda. Her var det lasteplass i Salthella, og i meir enn 100 år frametter vart difor Onstad eit tyngdepunkt for handel og ferdsle.

Vangen vert handelsstad

Knut M. Rosendahl frå ei kjend kjøpsmannslekt i Bergen, kjøpte i 1849 eigedomen etter kaptein Juul på Vangen og starta handel i «Juell-huset».

Samfunnsentreprenøren Hans Johannes Brun

På Vangen vart Hans Johannes Brun ein «samfunnsentreprenør» av dei sjeldne.

Aurlandsvangen i 2008. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Aurlandsvangen i 2008. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 06.10.2011