Hopp til innhold
X
Innhald

Christen Fretheim

Christen Fretheim (1848-1916) frå Flåm. Bonde og hotelleigar.

Grunnla Fretheim hotell ca. 1890, då han bygde saman to bustadhus på garden Nedre Fretheim. Han dreiv også turistskyss med opptil 15 hestar mellom Flåm og Myrdal. Hotellet dreiv han saman med ektemaken Marta Fretheim, som etter at Christen døydde, dreiv hotellet til ho sjølv døydde i 1933.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 03.03.2008