Hopp til innhold
X
Innhald

Christen O. Fretheim

Christen O. Fretheim (1848-1916) frå Flåm. Bonde og hotelleigar. Grunnla Fretheim hotell i 1897 då han bygde saman to bustadhus på garden Nedre Fretheim. Frå 1902 dreiv han også skysstasjon med opptil 15 hestar på vegen mellom Flåm og Myrdal.

Christen O. Fretheim var postopnar i bygda i 1890 og bygde kai og vart ekspeditør for Fylkesbaatane i 1895. Hotellet dreiv han saman med ektemaken Marta Fretheim, som etter at Christen døydde, dreiv hotellet til ho sjølv døydde i 1933.

Fretheim var medlem av kommunestyret i 12 år.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 16.02.2010