Hopp til innhold
X
Innhald

Den eldste historia i Aurland

Spenner frå vikingtida, funne på Vinjum. Dei er stiulte ut på Bergen Museum. Foto: Arild Nybø, NRK.

Spenner frå vikingtida, funne på Vinjum. Dei er stiulte ut på Bergen Museum. Foto: Arild Nybø, NRK.

Fornfunn i Aurland

I Aurlandsbygda er det gjort fleire rike funn frå bronsealderen, og frå vikingtida.

Aurlandsætta

Frå midt på 900-talet rådde den mektige Aurlands-ætta etter hersen Brynjulf Bjørnsson i store deler av Indre Sogn.

Storgarden Aurdal

Aurdal er det gamle namnet på det som no er Prestegarden. Fem store gravhaugar vitnar om at garden har vore sete for storfolk heilt tilbake til førhistorisk tid i bronse- og jernalder.

Soop-ætta i Undredal

Medlemmer av adelsætta Soop heldt til i Undredal i seinmellomalderen. Dette var ei lågadeleg ætt med greiner både i Sverige og Noreg.

Kong Sverre på villstrå i Aurlandsfjella

Kong Sverre gjorde fleire reiser aust-vest gjennom Sogn. I 1177 kom kongen og mennene hans ille ut i fjellet ovanfor Flåm.

På Aurlandsvangen blir det framført eit historisk spel om kong Sverre og banda hans til Aurland. Lokalhistorikaren Anders Ohnstad meiner kong Sverre kom frå garden Onstad. Biletet er frå første framføringa av spelet 2. mai 2002. Foto: Ingvar Vikesland. © Fylkesarkivet.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 01.06.2011