Hopp til innhold
X
Innhald

Den første kraftstasjonen

Vedtaket om byggjing av Bergensbanen etter høgfjellslina vart gjort i 1894. Dei store anlegga kring Gravhalstunnelen kravde elektrisk straum, og i 1895 kjøpte Staten m.a. fallrettane i den kjende Kjosfossen øvst i Flåmsdalen og bygde kraftverk der i 1898.

Dette var eitt av dei første kraftverka i fylket, og den to kilometer lange høgspentlina opp til fjellet ei av dei første av det slaget. Stasjonen gav også lys til Vatnahalsen hotell, bygd i 1899.

Det er murane etter dette kraftverket som framleis står ved fossefallet og vert brukte i «huldrespelet» for turistane.

Også fossespekulanten Ragnvald Blakstad kjøpte etter kvart store fallrettar i Flåmsvassdraget. Han kjøpte også Nysetvassdraget i Årdal og Åmela i Ålfoten i Nordfjord, der det skandaleprega Ålfotselskapet seinare overtok (sjå: Ålfotsaka). Flåmsvassdraget er no verna.

Kjosfossen med murane etter den gamle kraftstasjonen til høgre i biletet. I dag blir dei brukte som kulissar for huldra som dansar for togpassasjerane. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjosfossen med murane etter den gamle kraftstasjonen til høgre i biletet. I dag blir dei brukte som kulissar for huldra som dansar for togpassasjerane. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Les også om fossespekulanten Hiorth og kraftutbygginga i Aurland.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 03.06.2011