Hopp til innhold
X
Innhald

Den landskjende Aurlands-skoen

Aurlandsskoen med den vidkjende mynten som pynt. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK

Aurlandsskoen med den vidkjende mynten som pynt. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK

Aurlandsskoen er ein lokal skotype som har vorte framstilt i Aurland i generasjonar.

Den opphavelege Aurlandsskoen hadde snøring. Idag vert den produsert som mokkasin.

Inntekt til kommunen

Produksjon av Aurlandssko har gått føre seg i småbedrifter og som einmannsforetak. På det meste arbeidde det kring 90 personar med framstilling av Aurlandssko, og dei 16 skoverkstadane var lenge kommunen sine beste skatteobjekt.

Snaukoppar

Snaukoppar

Alt rundt 1880 starta Vebjørn Sjursen Vangen og Andreas Vangen den første produksjonen av Aurlands-sko for sal. Desse skoa vart på dialekt kalla «tæser» eller «snaukopppar», og var så populære at dei kom med på verdsutstillinga i Chicago i 1888.

Starta fabrikk

Men trass i bra sal, vart det først då Nils Tveranger frå Solund i 1908 starta «fabrikkproduksjon» av ein skotype som likna på den opphavelege Aurlands-skoen, at skoproduksjon vart ei stor næring i bygda.

Fabrikkutsalet til Aurland Skofabrikk. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Fabrikkutsalet til Aurland Skofabrikk. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Nasjonalskoen

Tveranger sin sko hadde snøring, og vart mønsterverna under namnet «Nasjonalskoen». Seinare tok Gustav Nesbø og Kristian Ohnstad opp produksjon av denne «nasjonalskoen» fram til 1930-åra. I 1935 forma Tveranger ut Aurlands-skoen som vi kjenner den i dag, og som vart ein stor salssuksess.

Norsk hyttesko

I tillegg til norsk sal, var Aurlands-skoen eksportert til USA og dei andre nordiske landa. I Danmark kalla dei skoen «norsk hyttesko».

Aurland Skofabrikk er den einaste attverande av skofabrikkane i Aurland. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Aurland Skofabrikk er den einaste attverande av skofabrikkane i Aurland. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 23.05.2011