Hopp til innhold
X
Innhald

Den mystiske steinringen i Flåm

Midt på garden Flåm stod det fram til 1834 17 bautasteinar i ein ring - 14 meter i diameter. Midt i ringen sto ein stor bautastein. Framleis kan ein finne 8-10 steinar uskadde.

Offerplass?

Ein av dei har ei skålgrop i toppen, noko som kan tyde på at her var det ein offerplass. Like ved ligg gravrøyser og merke etter gamle gardstufter, og det er difor nærliggjande å tru at steinringen var ein gamal offerplass til forfedrane.

Slag mellom vessene og flåmsdølene

Ei fargerik segn vil ha det til at steinane vart reiste til minne om folk som fall i eit slag mellom flåmsdøler og vesser (folk frå Voss).

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 15.10.2008