Hopp til innhold
X
Innhald

Det første gjestgiveriet i Aurland

Den militære aktiviteten kan vere grunnen til at den tilflytta korporalen Sivert Johannessen i 1726 fekk løyve til å drive gjestgiveri på Vangen. Han fekk løyve til å drive handel med kornvarer, malt, tobakk og brennevin. Dette gjestgiveriet låg på ein stad som var almenning for bygda.

Men han hadde konkurrentar: Ein av dei som vert nemnt å drive handel på same tid, var kaptein Jakob Gerhard Meidell sr.

Aurlandsvangen hadde vektar

På denne tida fekk Vangen eigen bygdevektar - eller stotar/stortakonge som slike lokale vaktmenn vart kalla. Deira oppgåve var å halde ro og orden m.a. rundt skjenkestover, og sørgje for å jage tiggarar og lausfantar bort frå bygdene.

Les også om:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 15.10.2008