Hopp til innhold
X
Innhald

Drap bjørnen i vatnet

På garden Ramsøy ved Gudvangen hadde ein bjørn ein gong gått til åtak på ein okse og drepe han.
Dette skulle hemnast, og væpna med økser rekte karane faret etter bjørnen til fjells. Her oppe greidde dei å jage bjørnen på eit vatn. Kvar gong dyret freista å kome seg i land, hytta dei etter han med øksa. Til slutt var bjørnen så utmasa at ein mann torde kaste seg på vatnet, sumde ut til bjørnen og gav den eit velretta slag i skallen med øksehammaren slik at den daua.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 05.05.2007