Hopp til innhold
X
Innhald

Drepen i sjølvskot

Det var vanleg å setje opp innretningar for sjølvskot for bjørn i gamle dagar.
I 1858 gjekk Oddmund Olsen Giljarhus frå Vossestrand seg i eit slikt sjølvskot i Gildreskori ved garden Ramsøy i Gudvangen og vart drepen. Folk kom til då dei høyrde hunden hans stå og nigøy. Dei såg at Oddmund hadde rive filler av kleda sine for å forbinde såret, men han hadde døydd av blodtapet.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 05.05.2007