Hopp til innhold
X
Innhald

Drepen under bjørnejakt

Sommaren 1707 gav fire karar frå Undredal seg i veg frametter dalen på jakt etter ein bjørn som hadde vore til plage.
I kveldinga gav Lars Olsen og Peder Bottolvsen seg med jakta og stod og prata saman då det brått small eit skot. Kula råka Lars, som fall saman. Dei andre bar den hardt såra jegeren heim, men Lars døydde dagen etter. Jegeren som hadde fyrt av vådeskotet måtte betale vederlag til enkja for det som hadde hendt med Lars.

Denne artikkelen er ein lokalhistorisk artikkel frå Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Den er ikkje vurdert som leksikalsk innhald. Ver varsam med å nytte artikkelen som kjelde. 

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 11.09.2018