Hopp til innhold
X
Innhald

Eilert Patric Juul

Eilert Patric Juul (1852-1928) frå Kristiansund, busett m.a. i Stryn og Aurland. Prest og skulestyrar. Kapellan i Aurland før han i åra 1880-1884 var sokneprest i Stryn. Sokneprest i Aurland 1884-1924, frå 1907 prost i midtre Sogn.

Både i dei fire åra han var prest i Stryn og seinare i Aurland, dreiv Juul ein privatskule for unge gutar i prestegarden. Undervisninga på «Juul-skulane» var ein forløpar til lærarplanen på dei seinare kristelege ungdomsskulane, som m.a. aurlendingen Torbjørn Horten starta i Sunnfjord i 1902.

Sokneprest Juul var ei drivande kraft i Aurland Ungdomslag frå det vart skipa i 1886 og i 30 år frametter. Han skipa også Aurland Fråhaldslag i 1886.

Sjå også:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 25.05.2011