Einar Johnsen

Einar Johnsen var Flåmsbana personleg. Her møtest to tog ved Berekvam. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.
Einar Johnsen (1914-1991) frå Flåm. Jernbanekonduktør og lokalhistorikar. Tilsett som konduktør på Flåmsbana frå opninga i 1941 og til han vart pensjonist.
Under 2. verdskrig var han kurér for Milorg.
Han var formann i den kommunale reiselivsnemnda i mange år. Johnsen vart kjend langt ut over landegrensene som ein kunnskapsrik guide på Flåmsbana.
Tildelt Kongens fortenestemedalje i sølv i 1971.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014).
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.
Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.
Sist oppdatert: 25.05.2011