Hopp til innhold
X
Innhald

Endre Ø. Underdal

Endre Ø. Underdal starta i 1919 landhandel i Undredal. Han overtok også ein saftfabrikk etter Lars Nedberge (sjå Birger Jensen Nedberge 1902), og dreiv tørking av skinn i eit bygg like ved kaia.

Endre dreiv landhandelen i Undredal til han flytta til Aurland i 1940, og frå 1940 til 1945 dreiv Åsmund Skjerdal butikken. Øystein Underdal kjøpte butikken etter onkelen Endre Underdal i 1949 og dreiv den fram til 1990, då sonen Leiv Inge Underdal tok over. Butikken vart modernisert med sjølvbetjening i 1972 og utvida i 1997 med «post i butikk».

Butikken i Undredal er m.a. kjend for å selje den vidgjetne kvite geitosten som vert produsert i bygda.

Butikken har namnet Underdalsbui.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 24.05.2011