Hopp til innhold
X
Innhald

Farefull postferd i Nærøyfjorden

Den gamle postruta mellom Bergen og Oslo gjekk gjennom Nærøyfjorden og Gudvangen. Posten vart rodd mellom Gudvangen og Lærdalsøyri, men i isvintrar måtte postmannen hentast ved iskanten lengre ut i Nærøyfjorden.

Var det meinis og utrygt, måtte postmannen klive i fårlege hamrar frå Gudvangen og utmed fjorden til han kunne møte postroaren i open sjø. Til hjelp vart det murt enkle murar og sett opp stigar og tregjerde hist og her, slik at han hadde noko å halde i over berg og isjuklar.

Tidleg ute med dampskipsrute

Det var mykje for å gjere posttransporten Bergen–Oslo gjennom Sogn både lettare og tryggare at Staten i 1839 starta ei av dei første dampskipsrutene i landet mellom Bergen og Lærdalsøyri. Ruta var statsfinansiert som postrute, men reisande fekk også fylgje så langt plassen rakk. Det første dampskipet i denne postruta heitte «Bjørgvin», men vart i 1843 avløyst av hjuldamparen «Constitutionen».

Avløyst av Fylkesbaatane

Frå slutten av 1860-talet vart den gamle ordninga med postroarar Gudvangen–Lærdal avløyst av Fylkesbaat-rutene. Det var ein tilbodsrunde på denne viktige posttrafikken som lokka og som fekk amtmann Michael Conrad Sophus Emil Aubert til å stille seg i spissen for skipinga av Nordre Bergehuus Amtsbaate (Fylkesbaatane) i 1858. I 1890 vart Indre Sogn Postekspedisjon skipa, og frå då av fekk dei fleste fylkesbåtar eige postkontor ombord. Den første ruta som fekk slikt postkontor, var Gudvangen–Lærdal.

Då Bergensbana opna i 1909 vart postruta flytta frå fjordabåtruta mellom Gudvangen og Lærdal til Flåm–Lærdal.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 31.05.2011