Hopp til innhold
X
Innhald

Fehandel, kortspel og spritkaggar

Krøterhandelen var ikkje minst eit kjærkome tilskot til inntektene på fleire høgdegardar som klora seg fast i fjordsidene utetter Aurlandsfjorden.

På Nedbergo vert det fortalt om brørne Peder og Simon Larsen Nedbergo. Dei var midt i tjueåra då dei var med på fedriftene. Sundagane kunne gutane liggje oppe på lemmen på Nedbergo og kose seg kortspel og brennevin.

Ein gong dei var tomme for drikke rodde dei til Skjerdal og kjøpte ein ti-literskagge med sterke dråpar. Men opp til høgdegarden Nedbergo er det stupbratt, og då Peder og Simon var mest til gardskomne, glapp taket på kaggen. Den bykste utfor ufsene og vart slegen til pinneved i hamrane under. Men det stod ikkje på: Brørne hadde stinn lommebok etter fehandelen og reiste like godt til Skjerdal for å kjøpe ein ny dunk!

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 20.04.2009