Hopp til innhold
X
Innhald

Fehandel og driftekarar

Driftekarane frå Aurland var det næraste du kom cowboyar i Noreg. På biletet Martinus Dalsbotn. Foto: Aurland lokalhistioriske arkiv.

Driftekarane frå Aurland var det næraste du kom cowboyar i Noreg. På biletet Martinus Dalsbotn. Foto: Aurland lokalhistioriske arkiv.

Det vart drive fe gjennom Aurlandsdalen heilt fram til 1950-talet. I dag er den mektige dalen populær blant turgåarar.

Fehandel var ei stor inntektskjelde for folk i Flåm og Aurland på 1700- og 1800-talet. Ingen andre stader i fylket har så mange livnært seg på fehandel mot Austlandet som i Aurland: I 1797 var det 50 personar som levde av krøterhandel.

Driftekarane frå Aurland reiste heilt til Nordfjord og langt nordover Sunnmøre for å kjøpe fe. Fedriftene som aurlendingane stelte med, gjekk for det meste etter ruta Hyen, Instedalen i Naustedal, Trodalen i Førde, over Sunde i Førde til Viksdalen i Gaular og derifrå over Sværeskaret til Sværefjorden ved Balestrand. I Eldalen like nord for Gaularfjellet var det store hamner der driftedyra vart samla og fekk beite. - Les under Førde kommune den dramatiske historia om Trodals-Mads som i 1839 drap den velståande driftekaren frå Otternes og søkkte liket i vatnet - Trodalsmordet og Trodals-Mads.

Aurlandsdalen sett frå Vassbygi. Her starta oppstiginga på turen over fjellet til Hallingdal. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Aurlandsdalen sett frå Vassbygi. Her starta oppstiginga på turen over fjellet til Hallingdal. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Drift på fast snø om natta

Det hende óg at driftene kom over Jostedalsbréen frå Oppstryn, gjennom Jostedalen og ned til Lustrafjorden anten i Dale eller til Marifjøra. Driftene over bréar og snøfonner måtte helst gå føre seg om natta medan det var kaldt og snøen bar, elles kunne dyra lett trakke gjennom og gjere skade på jur og lemmar. Det var vanleg at driftekarane hadde med seg enkle kjelkar som dei kunne leggje skadde dyr på for å berge dei ned frå bréen.

Driftekar Anders K. Veum. Foto frå Gardssoga for Aurland av Anders Ohnstad.

Driftekar Anders K. Veum. Foto frå Gardssoga for Aurland av Anders Ohnstad.

Hamnehagar langs fjorden

Når krøtera var drivne over Sværeskaret og ned til Sværefjorden eller Vetlefjorden, vart dyra frakta i storebåt eller med jekter til Aurland og Flåm, seinare med rutebåten då damp og motor løyste av årar og segl. Reisa innetter Sognefjorden kunne ta lang tid. Difor vart dyra sette i land for å beite i hamnehagar som driftekarane leigde i Borlaug og ved Slinde. Før det vart bygd kaier i Aurland og Flåm, var det vanleg at dyra vart heiste frå båten og rett på sjøen slik at dei kunne symje det siste stykket til lands.

Krøterdrifter heilt til Skien

Krøterdrifter heilt til Skien

Så bar det til fjells. I høgfjellet feita dyra seg opp på saftige beite før dei starta på siste etappen austover mot marknadane kring Hønefoss, Drammen og Kongsberg. Det er kjent at fedriftene frå Sogn gjekk heilt sør til Skientraktene før alle dyra var selde. På fjellbeita kunne driftekarane samle mange hundre dyr før drifta mot Austlandet starta.

Féet frå Vestlandet vart i hovudsak selde som slaktedyr austpå. Krøterdriftene var såleis ein billeg måte – og den einaste i eldre tider – til å frakte store mengder kjøt over lange avstandar. Då Bergensbanen opna i 1909 vart det meir vanleg å drive dyra til Myrdal og la toget transportere dei til Austlandet. Det vart enklare, men samstundes meir kostbart.

Siste fedrifta gjennom Aurlandsdalen gjekk så seint som kring 1950. Det viser at det framleis kunne vere vel så lønsamt å drive dyra på gamlemåten enn å frakte dei med jernbanen.

Som cowboyar til hest

Ferda austetter gjekk etter fjellryggane mellom dalane. Dette vart gjort for å finne frie beite til dyra, og for å unngå at dei skulle trakke ned dyrka mark nede i dalane. Driftekarane reid sjølve til hest, nett som amerikanske cowboyar.

Det vert fortalt at driftekarane frå Sogn vekte oppsikt med sine staselege hestar og gildt, sølvbeslått seletøy når dei reid inn på dyremarknadane austafor fjella. Salet gjekk føre seg på seinsommaren. Ut på hausten når kjøparane hadde fått selt dyr og kjøt, reiste driftekarane kringom på Austlandet og krov inn pengane etter handelen.

Sal av korn og smør austpå

Det hende seg óg at driftekarane tok med seg korn som dei selde på Austlandet. I 1772 vert det oppløyst at 28 menn frå Aurland dreiv handel med både dyr og korn både i Hallingdal og i Kongsberg. I 1773 tok 11 karar frå Aurland med seg heile 26 kløver smør som dei selde i Kongsberg. Folketalet i sølvbyen Kongsberg voks sterkt på 1700-talet, og det var lett å få omsetnad for varene der.

Driftekarane hjelpte kvarandre økonomisk

Det var vanleg i Aurland at dei velståande driftekarane lånte ut pengar til folk i bygda – sjølvsagt mot renter. Einskilde låneavtalar har så kort tilbakebetalingstid at det kan tyde på at låna vart gjevne som kassakreditt til andre driftekarar som trengde pengar til ein rask krøterhandel.

Ein av dei rikaste menn i Aurland tidleg på 1800-talet var driftekaren Ole Larsen Styvi frå den einbølte garden Styvi ytst i Nærøyfjorden. Berre sokneprest Ole Aabel og to-tre andre var rikare.

Driftekarar kjøpte storgardar

Driftekarar kjøpte storgardar

Fleire velståande driftekarar frå Aurland og Flåm kjøpte seg gardar andre stader i Sogn og Fjordane og på Austlandet, særleg i områda kring Modum og Hokksund, og i Sigdal og Eggedal.

Flom og Berquam (Berekvam) er kjende slektsnamn i Førde. Ættefedrane i desse slektene var drifterkarar frå Flåmsdalen som kjøpte seg store gardar i Førde: Jon Flom kjøpte ein gard på Hafstad der søre sentrum i byen i dag ligg, og Ole Olson Berqvam kjøpte storgarden Falkenstein på nordsida av Jølstra. Det er frå denne siste familien at eigarane av Handelshusa og Førde Torg ættar.

Fehandel, kortspel og spritkaggar

Krøterhandelen var ikkje minst eit kjærkome tilskot til inntektene på fleire høgdegardar som klora seg fast i fjordsidene utetter Aurlandsfjorden. På Nedbergo vert det fortalt om brørne Peder og Simon Larsen Nedbergo. Dei var midt i tjueåra då dei var med på fedriftene.

Sundagane kunne gutane liggje oppe på lemmen på Nedbergo og kose seg kortspel og brennevin. Ein gong dei var tomme for drikke rodde dei til Skjerdal og kjøpte ein tiliterskagge med sterke dråpar. Men opp til høgdegarden Nedbergo er det stupbratt, og då Peder og Simon var mest til gards komne, glapp taket på kaggen. Den bykste utfor ufsene og vart slegen til pinneved i hamrane under. Men det stod ikkje på: Brørne hadde stinn lommebok etter fehandelen og reiste like godt til Skjerdal for å kjøpe ein ny dunk!

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 01.06.2011