Hopp til innhold
X
Innhald

Ferdsla på fjorden i Aurland

Fylkesbåten Balholm legg til kai på Aurlandsvangen i 1966. Foto: Rolf M. Sørensen.

Fylkesbåten Balholm legg til kai på Aurlandsvangen i 1966. Foto: Rolf M. Sørensen.

Heilt fram til 1988 måtte alt samband mellom dei vestlegaste bygdene og kommunesenteret på Vangen gå med båt. Fjordisen låg ofte tjukk og hindra rutebåtane i å gå inn fjordane. Då måtte bygdefolket nytte isbåt eller redningsplanke for å nå trygt ut til båten ved iskanten.

Isvanskar i Nærøyfjorden

Dei store vassdraga i Aurland, Flåm og Gudvangen sender store mengder ferskvatn ut i dei tronge fjordane og får isen til å leggje seg tjukk langt utetter.

Fylkesbåtrutene:

Aurlandsvangen

fekk rutestopp av Fylkesbaatane i 1859, men ekspedisjonen dei første åra gjekk føre seg med båt ute på fjorden ved Underdal. Først i 1874 hadde Aurlandsvangen fått kai som fylkesdampen kunne leggje til. Aurlandsvangen var på denne tida ein av dei største tettstadene i fylket.

Aurlandsvangen med ein rutebåt ved kai tidleg på 1900-talet. Foto: O. Svanøe.

Aurlandsvangen med ein rutebåt ved kai tidleg på 1900-talet. Foto: O. Svanøe.

Cruiseskipet Delphin til anker på fjorden utanfor Flåm. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Cruiseskipet Delphin til anker på fjorden utanfor Flåm. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Flåm - turisthamna framfor nokon

I 1997 vart det registert over 143.000 passasjerar med ferje og passasjerbåtar over Flåm. Flåm er i dag ei av dei store cruisehamnene på Vestlandet.

Turistruta Voss-Gudvangen-Lærdal

Gudvangen fekk rutestopp av Fylkesbaatane i 1862. Trafikken over Gudvangen tok seg sterkt opp då jernbanen Bergen-Voss opna i 1883. Etter at tunnelane mellom Flåm og Gudvangen opna, har bilferjene nordanfrå Lærdal og Kaupanger berre gått til Gudvangen.

Ein sightseeingsbåt stemner ut Nærøyfjorden frå Gudvangen. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Ein sightseeingsbåt stemner ut Nærøyfjorden frå Gudvangen. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Mange lokale skyssbåtar i Undredal

fekk rutestopp i 1859, men lenge vart båten ekspedert ute på fjorden (sjå også Aurlandsvangen lenger oppe). Bygda fekk skikkeleg kai i 1911. Ekspedisjonen vart lagt ned i 1992.

Styvi på 1870-talet. Foto: K. Knudsen. © Billedsamlingen, UiB.

Styvi på 1870-talet. Foto: K. Knudsen. © Billedsamlingen, UiB.

Styvi

i Nærøyfjorden fekk rutestopp i 1862.

Bakka

i Nærøyfjorden fekk rutestopp frå 1899.

Dyrdal

søkte om rutestopp første gong i 1906, men fekk ikkje fast anløp av Fylkesbaatane før i 1924. Bygda fekk skikkeleg kai i 1926, då ein feira opninga med salutt, kaffi, landsøl og mylsa! I 1919 fekk eit aksjelag i bygda bygd ein liten motorbåt som heitte «Dyrdølen» og som vart nytta til transport og skysstrafikk til bygda. Det var Ole Jensen Dyrdal som bygde «Dyrdølingen». Sonen Bottolf tok opp båtbyggjartradisjonen og bygde meir enn 70 båtar.

Dyrdal. Foto: Cosmin Cosma, NRK.

Dyrdal. Foto: Cosmin Cosma, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 06.10.2011