Hopp til innhold
X
Innhald

Finn Tokvam

Finn Tokvam. Foto: Ann-Christin Ottosson.

Finn Tokvam. Foto: Ann-Christin Ottosson.

Finn Tokvam fødd 1972 i Flåm, busett i Bergen. Journalist og humorist.

Han starta som journalist i NRK Sogn og Fjordane før han flytta til NRK Hordaland i Bergen. Der har Tokvam m.a. arbeidd med humorprogrammet Radio Røynda og har laga fleire underhaldningsprogram for fjernsyn. Vokalist i gruppa ”Finn Erix”.

Tokvam debuterte som forfattar i 2005 med boka ”Tyl” (Samlaget) saman med kollegaen Halvor Folgerø. I 2010 sette Sogn og Fjordane Teater opp eit teaterstykke basert på boka.

Tildelt Målprisen frå Noregs Mållag i 2008.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 29.01.2021