Hopp til innhold
X
Innhald

Finse «fjellkommune»

Myrdal var tenkt som ein del av Finse kommune. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Myrdal var tenkt som ein del av Finse kommune. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

I 1925 tok «Fjeldfolkets Arbeidskomite» på Finse opp spørsmålet om å skipe ein eigen Finse kommune for skulekrinsane som sokna til Bergensbanen oppe på høgfjellet.
Jernbanen som opna i 1909 ville bli nervetråden i den nye komunen, hevda dei. Aurland kommune måtte i tilfelle avstå Myrdal krins til den nye kommuneeininga. Aurland kommunestyre gjekk sterkt imot dette ved å vise til at Myrdal ville få god kontakt med resten av Aurland kommune når Flåmsbana var ferdig bygd. Fylkestinga både i Hordaland og Sogn og Fjordane gjekk imot, og Staten avslo til sist søknaden frå «fjeldfolket» om eigen kommune på høgfjellet.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 07.06.2011