Hopp til innhold
X
Innhald

Flaam & Co

Flaam & Co landhandel og bakeri vart starta i Flåm i 1895 av Knut Olsson Flaam og Jon L. Loven, men dei gjekk konkurs etter eitt år. Dei dreiv ei tid også ein butikk på Vatnahalsen for forsyning til anleggsfolka på Bergensbanen.

Butikken til Flaam & Co vart teken over av bakaren deira, Hans Rognehaug frå Sogndal, under firmanamn H. Rognehaug. Kring 1920 kjøpte Rognehaug butikken etter ”Heimdal & Co” (sjå dette- startår 1898), flytta over dit og dreiv der til han la ned i 1938.

Knut O. Flaam på si side gjekk i 1923 i kompaniskap med Johannes Kaardal som dreiv handelsfirmaet ”Kaardal og Co”. Ei tid vart det drive bakeri i kjellaren. Knut O. Flaam gjekk ut av forretningsdrifta i 1942. I 1946 fekk Kaardal skipa Flåm Smørlag.

I 1955 bygde Johannes Kaardal ny butikk på Håreina. Han omkom i 1960 då han fall av toget ved Gravhalstunnelen. Etter ulukka selde enkja Karolina butikken til Flåm Samvirkelag som dreiv filial på Håreina fram til 1966.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 24.05.2011