Hopp til innhold
X
Innhald

Flåm Camping og vandrarheim

Flåm Camping og Vandrarheim. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Flåm Camping og Vandrarheim. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Flåm Camping og Vandrarheim vart starta i 1973 av ekteparet Nelly og Knut Brekke. I 1985 i overtok dottera Gjertrud Håland og ektemaken Erling Håland drifta.

Vandrarheimen har 80 senger fordelt på 28 rom, og campingplassen har 15 hytter og oppstillingsplass for kring 100 bubilar og campingvogner. Vandrarheimen hadde i 2011 rundt 8000 gjestedøger.

I 2012 kom vandrarheimen i Flåm på tredjeplass i ei nettkåring av dei beste vandrarheimane i verda. I alt 4200 overnattingsstader vart vurderte, og Flåm Camping og Vandrarheim vart berre slegen av to, ein i Bangkok, Thailand, og ein i Houston, USA.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 18.06.2012