Hopp til innhold
X
Innhald

Flåm Hotel

Flåm Hotel. Foto: O. Sævartveit.

Flåm Hotel. Foto: O. Sævartveit.

Flåm Hotel vart starta i 1911 av lærdølen Hans Tønjum i eit hus som bonde Olav Sævartveit hadde bygd på garden. I 1912 vart det sett opp eit eige hotellbygg like ved. Hotellet vart omgjort til pensjonat på 1930-talet. Etter krigen vart ikkje pensjonatdrifta teken opp att.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 16.02.2010