Hopp til innhold
X
Innhald

Flåm Marina & Appartement AS

Flåm Marina & Appartement til høgre, til venstre ser vi Heimly Pensjonat. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Flåm Marina & Appartement til høgre, til venstre ser vi Heimly Pensjonat. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Flåm Marina & Appartement AS vart starta i 2004 av Ragnar og Jørund Vidme. I tillegg til marina og båtutleige har verksemda 10 feriehusvere til utleige.

– Sjå elles Heimly Pensjonat.

Vidme var fram til 2011 medeigar i Togrestauranten-Flåm A/S som og driv Toget Café og eig VIBAK Bilutleie. Då vart Torrestauranten-Flåm seld til Flåm Resort, som er eit dotterselskap av Aurland Ressursutvikling.

I 2007 vart det reist eit nybygg som m.a. inneheld ein kinosal som viser film om turistattraksjonane i Flåm og Aurland.

Togrestauranten-Flåm og Toget Café. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Togrestauranten-Flåm og Toget Café. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 18.07.2011