Hopp til innhold
X
Innhald

Flåmsbana som turistmagnet

Flåmsbana fraktar tusenvis av turistar i høgsesongen. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK

Flåmsbana fraktar tusenvis av turistar i høgsesongen. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK

I dag er ei reise med Flåmsbana ein av dei store turistmagnetane på Vestlandet. Ei reise med verdas brattaste jernbane og ein stopp ved den mektige Kjosfossen tek pusten frå dei fleste.

Sidan den vanlege trafikken gjekk sterkt tilbake frå midten av 1980 og utover, og natttoget vart lagt ned i 1996, har det vore Flåm Utvikling AS som har drive Flåmsbana som rein turistbane. Trafikken har auka jamnt sidan den gong, frå 414.000 i 2002 til 618.000 passasjerar i 2011 og 716.000 i 2013. I 2013 vart det inngått ein ny avtale der NSB kjøpte 50% av aksjane i Flåm Utvikling AS. Avtalen gjeld til 2027.

Flåmsbanemuséet

Nede på Flåm stasjon kan turistane vitje det vesle Flåmsbanemuseet, der m.a. bygdefolk har hjelpt til med å samle inn gjenstandar heilt tilbake frå då bana vart bygd.

Eitt av dei gamle togsetta på Flåmsbana på Myrdal stasjon. Foto: NRK.

Eitt av dei gamle togsetta på Flåmsbana på Myrdal stasjon. Foto: NRK.

Les meir om Flåmsbana

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 07.01.2014