Hopp til innhold
X
Innhald

Floms Ynglingeforening

Floms Ynglingeforening vart skipa som ”samtalelag” og ”ungdomslag” i 1885 av Peter Johan A. Indrelid. På møta vart det lese dikt og forteljingar og diskutert aktuelle emne som t.d. ”skyttersagen”, ”tobaksbrug” og lokale skikkar ved bryllaup av gravøl. Frå 1887 kunne kvinner verte medlemer. I 1893 vart laget omdøypt til ”Floms Samtalelag” og ei tid etter til Flåm Ungdomslag. Laget kjøpte skyttarhuset i bygda kring 1920.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 06.06.2011