Hopp til innhold
X
Innhald

Flugebinding vart ”krigsindustri”

Aurlendingen Atle Johnsen var sløydlærar i Undredal vinteren 1940-1941. Han hadde lært seg kunsten å binde laksefluger, og starta kurs.

Inge Fredheim gjekk i lære og starta produksjon i stor stil. Snart sat «heile» Undredal og batt fluger på fritida, og Oslo-firmaet Harald Lykke kjøpte det som vart laga. Men flugeproduksjonen i Undredal vart eit blaff. Då freden kom i 1945, var det slutt.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 27.05.2009