Hopp til innhold
X
Innhald

Folk frå Aurland i tysk fangenskap

under 2. verdskrig:

  • Ole H. Høgstø f. 1888 frå Flåm. Jernbanearbeidar, adresse Egersund. Arrestert 4.07.1942, overført Grini. Sleppt fri 24.05.1943.
  • Jon Setten fødd 1896. Arrestert og overført Ulven 18.11.1942. Ingen andre opplysningar.
  • Lars Skjerping fødd 1896. Landarbeidar. Arrestert 6.04.1945, overført Espeland 25.04.1945.Ingen andre opplysningar.
  • Sverre Adelstein Aarseth fødd 1902. Sokneprest. Arrestert 19.09.1944, overført Bergen, overført Veiten, overført Stavanger 29.10.1944, overført Møllergata 19 den 17.11.1944 og sat der til freden.
  • Nils Skjerping fødd 1906. Gardsarbeidar. Arrestert 6.04.1945, overført Bergen, overført Espeland 25.04.1945, sett fri 4.05.1945.
  • Ingebrigt Buene fødd 1908. Snikkar. Arrestert 4.04.1945, overført Voss, overført Bergen, sett fri 4.05.1945.
  • Gjert Frambø fødd 1908. Gardsarbeidar. Arrestert 6.04.2945, overført Bergen, overført Espeland 25.04.1945. Ingen andre opplysningar.
  • Hans Hemre fødd 1910. Gardsarbeidar, seinare snikkar. Arrestert 6.04.1945, overført Espeland 25.04.1945 og sat der til freden.
  • Atle Skjerping fødd 1910. Sjåfør. Arrestert 6.04.1945, overført Espeland 25.04.1945, sett fri 4.05.1945.
  • Rolf Aksnes fødd 1914. Ingeniør. Arrestert 14.08.1944, overført Bergen, overført Grini 14.09.1944, overført Mysen 27.03.1945 og sat der til freden.
  • Håkon Næss fødd 1921. Arrestert 30.11.1943, overført Stavern, overført Buchenwald 7.01.1944, overført Sennheim, overført Buchenwald og sat der til freden.
  • Alfred A. Monge f. 1923. Frå Flåm, busett i Kristiansand. Arrestert våren 1943, overført Grini, overført Sachsenhausen hausten 1943 og sat der til freden. Han vart hardt torturert og vart ikkje arbeidsfør sidan.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 07.06.2011