Hopp til innhold
X
Innhald

Fornfunn i Aurland

Dette drikkehornet frå vikingtida vart funne på Vinjum. Det er utstilt på Bergen Museum. Foto: Arild Nybø, NRK.

Dette drikkehornet frå vikingtida vart funne på Vinjum. Det er utstilt på Bergen Museum. Foto: Arild Nybø, NRK.

Båtgrav frå vikingtida

I Aurlandsbygda er det gjort fleire rike funn frå bronsealder (ca. 1500-500 f.Kr.).I 1925 vart det funne ei rikt utstyrt båtgrav frå vikingtida (ca. 800 e.Kr.) Smykke og utstyr i denne kvinnegrava vert rekna som noko av det flottaste kunsthandverk som er funne i Noreg frå vikingtida.

Frå funnet av kvinnegrava på Skaim i 1925. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

Frå funnet av kvinnegrava på Skaim i 1925. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

Bronsespenner frå kvinnegrava på Skaim. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

Bronsespenner frå kvinnegrava på Skaim. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

Bygdeborg på Bakka

Ovanfor gardstuna på Bakka ved Nærøyfjorden ligg ei stor røys på ein stad som heiter Borgen. Her skal det i folkevandringstida ca. 500 e. Kr. ha lege ei bygdeborg.

Mellomalderhus

Om lag 100 meter frå stølen Langhuso øvst i dalen ved Undredal finn ein tydeleg merke etter eit stort hus frå mellomalderen. Her finn ein merke etter ei hustuft som er 15 x 7 meter og med to rom. Ei liknande tuft er funne på Seltuft i Flåmsdalen. Den siste hustufta er datert kring 1185.

Den mystiske steinringen i Flåm

Midt på garden Flåm stod det fram til 1834 17 bautasteinar i ein ring - 14 meter i diameter.

Stor gravrøys ved Styvi

Omlag tre kilometer sør for garden Styvi ved Nærøyfjorden, på ein stad som heiter Holmo, ligg ei av dei største gravrøysene i Aurland kommune.

Spenner frå vikingtida, funne i Skjerdal. Foto: Arild Nybø, NRK.

Spenner frå vikingtida, funne i Skjerdal. Foto: Arild Nybø, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 01.06.2011