Hopp til innhold
X
Innhald

Fossespekulanten Hiorth

Aurland kommune er ein av dei største kraftkommunane på Vestlandet, men det meste av krafta er eigd av energiverk utanfor fylket.

I Aurlandsvassdraga vart det første fossekjøpet gjort i 1908 då fossespekulanten ingeniør H.E. Mohn frå Oslo fekk handgjeve Lovisfossen ovanfor Vassbygdi i to år. Seinare gjekk fallretten over til overrettssakførar Einar Langberg, som dreiv privatpraksis på Leikanger og såleis var lokalkjend i Sogn.

Bakmann

Men bak Langberg sat ein av dei største fossespekulantane i Noreg på den tida, Oslo-mannen Fredrik Hiorth. Han hadde alt kjøpt Matrefalla i Hordaland i 1906-1908 for 270.000 kroner, og selde dei straks vidare til den tyske industrigiganten BASF (sjå også «Dei store fossekjøpa i Årdal») for 600.000 kroner. No sette han ein del av den svimlande fortenesta på 330.000 kroner inn i Aurland, og kjøpte seg gradvis fleire fallrettar. Kring 1916 hadde han sikra seg kontrollen over det meste av dei store vassfalla kring Aurland. Til saman rekna han med å få ut 200.000 turbinhestekrefter - d.v.s. eit av dei største kraftverka i Noreg på den tid.

Kjøpte gardane på Ohnstad

I kontraktane var grunneigarane lova svimlande 450.000 kroner i betaling, men dei skulle berre få utbetalt 30-40 kroner kvar årleg. Nede i bygda kjøpte Hiorth gardane på Ohnstad til industrigrunn og betalte til saman 450.000 kroner. Planen var å byggje ein karbidfabrikk, og bøndene fekk kontant betaling.

Hiorth prøver å selje

I 1916 registrerte Fredrik Hiorth selskapet A/S Aurlandsfallene, og året etter freista han å få selt fallrettane i Aurland til Oslo Lysverker.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 03.06.2011