Hopp til innhold
X
Innhald

Fråhaldslag i Aurland

Aurland Fråhaldslag

vart skipa i 1886 av sokneprest Eilert Patric Juul. Han var formann i laget i 40 år. Men alt på 1840-talet hadde sokneprest Bugge starta ei «måteholdsforening» i bygda med 128 medlemer. Dette «måtehaldet» tillet berre at ein kunne drikke brennevin« til Sundhedens Bevarelse», og ikkje til bryllaup, gravferd eller andre gjestebod! Fråhaldslaget til Juul hadde i starten 14 medlemer, men var i 1887 kome opp i 60 medlemer. Toppen nådde rørsla i 1905 med 123 medlemmer.

Flaams Afholdsforening

vart skipa i 1881 etter opptak frå sokneprest Juul. Men laget praktiserte totalfråhald for medlemane og vart lagt ned etter berre eitt års drift

I 1890

vart det skipa fråhaldslag for bygdene i Nærøyfjorden.

I 1902

vart det skipa eige fråhaldslag i Undredal, og i 1906 i Vassbygdi.

Vårvon

På Vangen vart barnefråhaldslaget «Vårvon» skipa i 1903, og i Vassbygdi «Dalvon» omlag på same tid.

Losje «Aurlendingen»

vart skipa i 1910 med 50 medlemmer.

IOGT-losje Flåmsdølen

vart skipa i 1927 av Ole A. Haugen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 16.02.2010