Hopp til innhold
X
Innhald

Fredlaus skoten av jegerar

I Aurland lever historia om Ole Mikkelsen som hadde kome over fjellet frå Hallingdal til Nesbø for å kjøpe seg gard. I 1691 skal han ha drepe Ole Sivertsen Veum i eit basketak.

Ole Mikkelsen rømde til fjells, men av og til lurte han seg tilbake til garden og kona si. Då det kom opp att ho hadde hjelpt den fredlause mannen sin, vart det ved dom i 1698 kravd at ho måtte skilje seg frå ektemaken dersom ho skulle sleppe å verte lyst fredlaus ho óg. Ole Mikkelsen heldt seg løynd i fjellet i 19 år. Men i 1690 vart den fredlause Ole skoten av nokre lærdøler som var på jakt – eitt år før han kunne rekne seg som fri mann att.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 03.11.2008