Hopp til innhold
X
Innhald

Fredrik Hiorth

Fredrik Hiorth (1851-1923). Industrimann og ”fossespekulant” frå Oslo. Direktør i Kværner fram til 1900.

Dreiv frå 1900 som profesjonell ”fossekjøpar” (Vamma, Rjukan, Tysse) og fekk mellom anna hand om vassfalla kring Aurland. Desse fallrettane vart seinare overtekne av Oslo Lysverker, som stod for den store utbygginga av Aurlandsfalla på 1970-1980-talet - sjå: Kraftutbygginga i Aurland.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 04.03.2008