Hopp til innhold
X
Innhald

Fretheim Hotel

Fretheim Hotel i 2008. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Fretheim Hotel i 2008. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Fretheim Hotel i Flåm vart grunnlagt av bonde Christen O. Fretheim i samband med at anleggsarbeidet på Bergensbanen starta i 1894.
Heilt sidan 1860-åra hadde det budd mange engelske laksefiskarar på garden hans på Nedre Fretheim. Hotellet vart til ved at Fretheim bygde saman to store bustadhus som stod i gardstunet frå før.

Fretheim Hotel i 1913. Ukjend fotograf. Eigar: Eilert Vikesland/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Fretheim Hotel i 1913. Ukjend fotograf. Eigar: Eilert Vikesland/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

15 skysshestar

Turisttrafikken over Flåm fekk eit sterkt oppsving då Bergensbana opna i 1909, og Fretheim hadde opptil 15 skysshestar i sving med å å frakte turistar opp og ned dalen. Christen dreiv hotellet saman med ektemaken Marthe. Christen døydde i 1916. I 1918 tok hovudarvingen etter Christen O. Fretheim, lensmann Ole Andreas Marius Ohnstad over både hotellet og dei store gardane Øvre og Nedre Fretheim. Samstundes vart hotelltufta frådelt som eige bruk. Gardane dreiv Ohnstad med paktarar, medan Marthe Fretheim stod for hotelldrifta heilt til ho døydde i 1933.

Tilsette ved hotellet og bygdefolk ca. 1910. Ukjend fotograf. Eigar: Eilert Vikesland/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Tilsette ved hotellet og bygdefolk ca. 1910. Ukjend fotograf. Eigar: Eilert Vikesland/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Ut av Fretheim-slekta

Hotellet vart selt ut av Fretheim-slekta i 1979 til Sørvig-familien, og i 1982 overtok hans Petter Thorrud som eigar etter å ha vore dagleg leiar sidan 1961. i 1997 selde han Fretheim hotell til Aurland Ressursutvikling AS.

Flåm Utvikling

Fretheim Hotel har vorte utvida og ombygt fleire gonger, sist i 2000, og blir i dag drive av reiselivsselskapet Flåm Utvikling, som også driv Flåmsbana og cruisehamna i turistsesongen. Flåm Utvikling er eigd av Aurland ressursutvikling.

Heilårsdrift

Etter nokre år med vinterstenging av hotellet vart det i 2014 avgjort at Fretheim Hotell frå då av skulle vere ope heile året.

Fretheim Hotel sett frå kaia. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Fretheim Hotel sett frå kaia. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 27.05.2014