Hopp til innhold
X
Innhald

Fretheim hotell

Fretheim Hotel i 2008. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Fretheim Hotel i 2008. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Fretheim Hotell i Flåm vart grunnlagt av bonde Christen O. Fretheim i samband med at anleggsarbeidet på Bergensbanen starta i 1894.
Heilt sidan 1860-åra hadde det budd mange engelske laksefiskarar på garden hans på Nedre Fretheim. Hotellet vart til ved at Fretheim bygde saman to store bustadhus som stod i gardstunet frå før.

Fretheim Hotel i 1913. Ukjend fotograf. Eigar: Eilert Vikesland/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Fretheim Hotel i 1913. Ukjend fotograf. Eigar: Eilert Vikesland/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Turisttrafikken over Flåm fekk eit sterkt oppsving då Bergensbana opna i 1909, og Fretheim hadde opptil 15 skysshestar i sving med å å frakte turistar opp og ned dalen. Christen dreiv hotellet saman med kona Marta, og då han døydde i 1916, stod Marta for hotelldrifta heilt til ho sjølv døydde i 1933. Då tok syskena Atle og Astrid Fretheim over hotelldrifta.

Tilsette ved hotellet og bygdefolk ca. 1910. Ukjend fotograf. Eigar: Eilert Vikesland/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Tilsette ved hotellet og bygdefolk ca. 1910. Ukjend fotograf. Eigar: Eilert Vikesland/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Hotellet vart selt ut av Fretheim-slekta i 1979 til Sørvig-familien, og i 1982 overtok hans Petter Thorrud som eigar etter å ha vore dagleg leiar sidan 1961. i 1997 selde han Fretheim hotell til Aurland Ressursutvikling AS.

Fretheim Hotell har vorte utvida og ombygt fleire gonger, sist i 2000, og er i dag sentral samarbeidsbedrift til reiselivsselskapet Flåm Utvikling, som m.a. driv Flåmsbana og hamna i turistsesongen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 16.02.2010