Hopp til innhold
X
Innhald

Frøydis Lunde

Frøydis Lunde fødd 1956 i Aurland. Biletkunstnar. Utdanna ved Sogn og Fjordane Kunstskule, Vossaskulen, Eidaskulen i grafikk og i ikonmaling i Stockholm.

Delteke i fleire kollektivutstillingar, m.a. Distriktsutstilinga 1984-1990, Vestlandsutstillinga 1988 - 1998, og utstillingar i Oslo, Namsos, New York og Canada.

Separatutstillingar m.a. i Sogn og Fjordane Kunstnarsenter, og galleri i Volda, Karmøy, Sogndal, Tovdal, Voss, Odda, Bergen og Aurland. Er innkjøpt m.a. av Norsk Kulturråd, Sogn og Fjordane Kunstmuseum, Fylkesgalleriet i Nord-Trøndelag og ei rad offentlege bygningar i Sogn og Fjordane. Utsmykkingsoppdrag i rådhuset og idretts- og samfunnshuset i Aurland.

Dotter til Ingeborg Breisnes Lunde.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 25.05.2011