Hopp til innhold
X
Innhald

Gamle driftevegar i Aurland

Storfeet vart frakta i slike båtar.

Storfeet vart frakta i slike båtar.

Frå 1700-talet og fram til 1. verdskrig var féhandel ei stor næringsgrein for folk i Aurland og Flåm. To av dei viktigaste driftevegane mot Austlandet gjekk gjennom Aurlandsdalen og opp Flåmsdalen og over Ryo og Gudmedalen. Féet var då for det meste ført til Aurland og Flåm med store robåtar (storebåtar) og seinare motordrivne skøyter frå samlestadene i Sværefjorden og Marifjøra på nordsida av Sognefjorden.

Ei fedrift på fjellet mellom Aurland og Hallingdal.

Ei fedrift på fjellet mellom Aurland og Hallingdal.

Før dampskipskaia på Vangen var ferdig 1870, vart féet skuva over bord ute på fjorden og symde i land før drivinga opp dalen.

Ei vestlegare drifterute gjekk over Vikafjellet og vossebygdene. Dei austlegaste drifterutene i Sogn var gjennom Lærdal og over Øvre Årdal og til Sletterust og Tyinosen.

Ein av driftevegane gjekk gjennom Aurlandsdalen. Her ser vi Østerbø på andre sida av Aurdalsvatnet. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Ein av driftevegane gjekk gjennom Aurlandsdalen. Her ser vi Østerbø på andre sida av Aurdalsvatnet. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 26.05.2011