Hopp til innhold
X
Innhald

Gapestokk og slaveri for legermål

Slik var det å stå i gapestokk.

Slik var det å stå i gapestokk.

I eldre tider var det harde straffer dersom nokon hadde ”besovet” kvarandre utanom ekteskap.
Og ektefolk kunne også få slik straff dersom barnet vart fødd før ni månader hadde gått sidan bryllaupet. Prest og fut tok seg godt betalte i tiende og bøter, og straffa vart ofte sona i fiskeværa i Nord-Noreg, eller i Kongen sine gruver i Årdalsfjella, Årdal Koparverk. På garden Breisnes utmed Aurlandsfjorden var det spretne karar. I 1762 fekk Ole Hansen Stegen frå Breisnes barn med ei jente frå Hjøllo. Han fekk to års straffearbeid i fiskeværa nordpå og måtte gje frå seg alt han eigde for å betale bota for dette eventyret. I 1779 var det broren Sjur sin tur, men han slapp unna med fylgjande forklaring: Han hadde vore i fjellet på reinsjakt, og då han mørkna ute, måtte han søkje hus der det var råd. Slik hamna han på næraste støylen og under fellen til ei budeie, og då var det gjort!

Verre gjekk det med Henrik Torbjørnsen Dræge då han i 1721 fekk barn med syskenbarnet sitt, Ragnhild Halvordotter. Men Henrik fekk lurt ein annan kar som hadde eit godt auge for Ragnhild, til å ta på seg farskapet. Lureriet vart likevel kjent etter ei tid, og Henrik tapte alt han eigde. I tillegg måte hans slave to år i Kongens gruver. I 1726 hamna Kristense Bjørgum i gapestokken på kyrkjebakken tre sundagar på rad fordi ho hadde hatt sengeeventyr med Johannes Jonsen og Ole Guttormsen Aas. Også Ole måtte stå til spott og spe i gapestokk tre gonger fordi han hadde vore til sengs med ei anna jente. I tillegg måtte han betale 24 lodd sølv i bot.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 07.06.2011