Hopp til innhold
X
Innhald

Gardsturisme i "uren, luren"

Gardstunet på Stigen. Foto: Åsmund Ohnstad.

Gardstunet på Stigen. Foto: Åsmund Ohnstad.

Garden Stigen ligg på ei fjellhylle om lag 300 meter oppe i den stupbratte fjellsida vest for Aurlandsfjorden. Det vekte oppsikt då ekteparet Charles Dee Cunningham frå Missouri i USA og bergenskvinna Hege Maria Evjent Strømme overtok det nedlagde bruket i 1991.

I 1994 hadde dei fått restaurert og nybygd så mykje at dei kunne starte gardsturisme. Dette driv dei på sommarstid, og bur i Fresvik om vinteren.

Vertskapet på Stigen nyt badevatnet og utsynet over Aurlandsfjorden.

Vertskapet på Stigen nyt badevatnet og utsynet over Aurlandsfjorden.

Eitt av dei mest originale innslaga på Stigen er den digre badestampen på tunet, heilt ute på stupet mot fjorden. Knapt noko badekar i verda har slik utsikt som den gamle meieristampen som no tener som badestamp for turistane på Stigen!

Stigen sett frå fjorden. Foto: Finn Loftesnes.

Stigen sett frå fjorden. Foto: Finn Loftesnes.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 24.05.2011