Hopp til innhold
X
Innhald

Gardsturisme på Styvi

Kjellaug og Botolv Hov.

Kjellaug og Botolv Hov.

I 1989 gjorde Direktoratet for naturforvaltning vedtak om mellombels vern av garden Styvi ved Nærøyfjorden, og i 1991 vart området verna for godt.

Eigarane Botolv og Kjellaug Hov satsa då på gardsturisme, og i 1993 kunne dei opne eit eige gardsmuseum i den nyoppussa løa. Garden tek også imot overnattingsgjestar. Sidan 1993 har det også vorte skipa til ein eigen «kongevegsmarsj» på den gamle postvegen innved fjorden frå Styvi gard. Vegen var postveg frå 1660 til kring 1860. Ved Styvi kan ein også oppleve Bleiklindi, eit lindetre som sprett med gule blad og feller dei som grøne.

Styvi. Foto: Cosmin Cosma, NRK.

Styvi. Foto: Cosmin Cosma, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 23.05.2011