Hopp til innhold
X
Innhald

Gåver skulle verje mot ras

I eldre tider var det mange som budde under fonnfarlege fjell som meinte dei kunne verje seg mot snøfonner og steinskred ved å gje milde gåver til kyrkjer og hospital.

Så seint som på slutten av 1800-talet vart det såleis gjeve ein raus sum til leprasjukehuset St. Jørgen Hospital i Bergen (sjå Luster kommune - Harastølen) for å verje seg mot at Hyllandshella, ei stor steinblokk ovanfor husa, skulle rase ned og øydeleggje gardstunet. Også frå Dyrdal vart det sendt gåver til «Spetalen» i Bergen for å verne bygda mot ras frå Husanosi. Det same hende på garden Bakka som ville verje seg mot stein frå Bakkanosi.

Denne artikkelen er ein lokalhistorisk artikkel frå Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Den er ikkje vurdert som leksikalsk innhald. Ver varsam med å nytte artikkelen som kjelde. 

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 11.09.2018