Hopp til innhold
X
Innhald

Gjestgiveri og handel på Onstad

Onstad. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Onstad. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Gjestgjevaren på Vangen, Sivert Johannessen, fekk I 1737 også løyve til å drive gjestgveri på garden Onstad på sørsida av Aurlandselvi.

I 1779 overtok svigersonen til Sivert Johanessen, Rasmus Olsen von Hagøe (1730–1806), gjestgiveriet på Onstad. Frå 1792 fekk han også handelsrett. Hagøe pakta også prestegarden, dreiv byhandel med jekt og sildebruk med not og båt. Gjestgjevarane på Onstad hadde også eiga byjekt, slik også storbonden på Fretheim i Flåm hadde.

I 1800 overtok sonen Ole Rasmussen von Hagøe. Då han fall ifrå, styrde enkja Anne Elisabeth Jersin eigedommen til 1815, då ein slektning av Ole Hagøe, Peder Holm, tok over. Men det var nedgangstider og tungt å drive, og i 1819 selde han til Jon Larsen.

Handelen og gjestgiveriet vert verande i denne Larsen-slekta til slutten av 1800-talet. Larsen-Schultz–eigedommen på Onstad vart seld på auksjon i 1922.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 24.05.2011