Hopp til innhold
X
Innhald

Gjestgjevarstaden Arnehus ved Dyrdal

På vestsida av Næryfjorden, litt nord for Dyrdal, ligg garden Arnehus. Sjølv om bygda i dag ligg veglaust og aude til, kom det alt kring 1700 eit kremmarleie og gjestgjeveri her.

Grunnen var at ferdslevegen var fjorden, postruta ut Nærøyfjorden frå Gudvangen til Lærdal gjekk like framom Arnehus.

Den første kremmaren og gjestgjevaren på Arnehus var bergensborgaren Konrad Biering. Kring 1737 overtok Bendik Sjursen Njøs frå Leikanger som gjestgjevar, men flytta i 1744 til Sunnhordland, og leigde bort gjestgjeveriet på Arnehus til Hans Anderson Dyrdal. I 1755 flytta han til Amla, og prestesonen i Lærdal, Ove Andreas Leyrdahl, vart gjestgjevar.

I 1759 tok premierløytnant Johan Wilhelm Barclay de Tolly frå Bergen over som kremmar og gjestgjevar på Arnehus. Men han vart ikkje lenge, for fire år seinare i 1763 kom Erik Iversen Hylland frå Hylland i Nærøydalen og tok over. Privilegium til handel og skjenking fekk Hylland i 1768. Men Barclay de Tolly vart sitjande som eigar av eigedomen til 1779, då han selde til Ivar Andersen Tufte, som då overtok handel og skjenkestove. Gjennom 1790-talet vart gjestgjeveriet drive i tur og orden av tre ulike personar, og så finn vi Jens Knutson Dyrdal som gjestgjevar frå 1805. Etter at han drukna i 1829, dreiv enkja staden til 1835. Men utover 1800-talet stilna trafikken, og nye tider og nye trafikkmønster gjorde at gjestgjeveri og handel på Arnehus vart lagt ned.

Nokre av dei gamle gjestgjevarhusa frå Arnehus vart flytta inn til Gudvangen og nytta til losji og handel der. – Les meir i artikkelen ”Turistruta Voss-Gudvangen-Lærdal”.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 20.03.2009