Hopp til innhold
X
Innhald

Gjestgjevarstaden Arnehus

På vestsida av Nærøyfjorden, litt nord for Dyrdal, ligg garden Arnehus. Sjølv om bygda i dag ligg veglaust og øyde til, kom det alt kring 1700 eit kremmarleie og gjestgiveri her. Grunnen var at ferdsla gjekk på fjorden; postruta ut Nærøyfjorden frå Gudvangen til Lærdal gjekk like framom Arnehus.

Den første kremmaren og gjestgjevaren på Arnehus var bergensborgaren Konrad Biering. Kring 1737 tok Bendik Sjursen Njøs frå Leikanger over som gjestgjevar, men flytta i 1744 til Sunnhordland og leigde bort gjestgiveriet på Arnehus til Hans Anderson Dyrdal. I 1755 flytta Dyrdal til Amla, og prestesonen i Lærdal, Ove Andreas Leyrdahl, vart gjestgjevar.

I 1759 tok premierløytnant Johan Wilhelm Barclay de Tolly frå Bergen over som kremmar og gjestgjevar på Arnehus. Men han vart ikkje lenge, for fire år seinare, i 1763, kom Erik Iversen Hylland frå Hylland i Nærøydalen og tok over. Privilegium til handel og skjenking fekk Hylland i 1768. Men Barclay de Tolly vart sitjande som eigar av eigedomen fram til 1779, då han selde til Ivar Andersen Tufte, som då overtok handel og skjenkestove.

Gjennom 1790-talet vart gjestgiveriet drive i tur og orden av tre ulike personar, og så finn vi Jens Knutson Dyrdal som gjestgjevar frå 1805. Etter at han drukna i 1829, dreiv enkja staden til 1835. Men utover 1800-talet stilna trafikken, og nye tider og nye trafikkmønster gjorde at gjestgiveriet og handelen på Arnehus vart lagt ned.

Nokre av dei gamle gjestgjevarhusa frå Arnehus vart flytta inn til Gudvangen og nytta til losji og handel der. – Les meir om dette i artikkelen ”Turiststaden Gudvangen”.

kategori:Aurland

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 16.02.2010