Hopp til innhold
X
Innhald

Gjestgjeveri, hotell og handel i Gudvangen

Gudvangen vart eit naturleg kvilepunkt for både postførarar og reisande, og her vart det første gjestgiveriet opna i 1805 av Jens Knutsen Kappadal.

Han flytta ei tingstove og to gjestestover frå det tidlegare gjestgjeveriet i Arnehus sjå Gjestgjevarstaden Arnehus ved Dyrdal) og bygde husa saman til ein langstrakt bygning.

Kappadal dreiv gjestgiveriet og handelen i Gudvangen fram til 1812, då vossingen Kolbein Ingebrigtsson Sundve overtok. Han dreiv dei første fire åra sjølv og leigde seinare ut til andre, mellom andre Hans Hansen Bakka frå Bakka ute ved fjorden.

I 1827 overtok Jakob Rosenwing Ringkjøb frå Bergen feste på gjestgiveriet og handelen i Gudvangen, og han sette no opp eit påbygg i to etasjar med matsal og salong i første etasje. No tok staden til å likne på eit hotell. Då Jakob Ringkjøp døydde i 1833, tok enkja Oline over drifta av både handel og «hotell».

Gjestgiveriet vert Schultz Hotell

Då vegen ned Stalheimskleiva var bygd ferdig som køyreveg på 1840-talet, førde det til eit sterkt oppsving både for reiseliv og handel i Gudvangen. I 1841 gifte madam Ringkjøb seg med Jens Fynboe Wilman frå Trøndelag, og dei neste åra utvida han eigedomen med eit stort, nytt hotell på øvre sida av vegen og ei sjøbu i fjøra.

I 1849 døydde Jens Fynboe Wilman. Sonen Christian Bjørn Wilman tok over drifta i 1856 og dreiv i 10 år. Deretter var det fleire eigarskifte før handelsmann Jon Larsen frå Aurland kjøpte i 1869. Larsen gav drifta av hotellet i Gudvangen over til svigersonen Johan Daniel Schultz. Han kalla hotellet «Schultz Hotell» og dreiv det til 1879.

Hellands Hotell

I 1879 kom lærdølen og underoffiseren Ole Knutsen Helland til Gudvangen og bygde «Hellands Hotell» like ved Schultz Hotell. På nedsida av vegen dreiv han butikk. Ole døydde i 1882, 32 år gamal. På same vis som med det andre hotellet i bygda, vart det også her enkja, Brita Helland, som dreiv Hellands Hotell vidare i nokre år inntil ho måtte slå seg konkurs. Ein lærdøl som hadde kausjonert, slo til seg eigedommen, men i 1892 kom den tidlegare styrmannen Alfred Barclay Meidell inn som hotelleigar.

Vikingvang Hotell i 65 år

I 1895 bygde Alfred Barclay Meidell på hotellet med ein matsal sørover og gjorde elles andre endringar og utvidingar på bygget, og no kalla han det Vikingvang Hotell.

I 1899 kjøpte direktøren på Stalheim Hotell, tyskaren Cristian Freiburg, Vikingvang Hotell i Gudvangen. Den neste eigaren og direktøren på Stalheim Hotell, bergensaren John Waler, overtok i Gudvangen i 1912 og dreiv til 1916. Stalheim Hotell AS fekk offisiell skøyte på hotelleigedommen i Gudvangen i 1918. Tidleg på 1950-talet vart hovudbygningen på Vikingvang Hotell selt til kjøpmann Hans Martinussen Dræge, medan eit anneks på nedsida av vegen som høyrde til hotellet, vart kjøpt av eigarane av Gudvangen Hotell - det som tidlegare heitte Hansens Hotell – Olav og Leif Hylland. Hans M. Dræge la ned Vikingvang Hotell kring 1960, medan Olav Hylland og hans slekt utvikla hotelldrifta i Gudvangen vidare til det som i dag er kjent som Gudvangen Fjortell (sjå Hansens Hotell).

Hansens Hotell

Eilert Meyer starta landhandel i Gudvangen i 1851. Han tok også imot overnattingsgjester. I 1862 overtok trønderen Martinus Hansen eigedommen. I 1875 vert han omtala som hotelleigar, og han var dessutan dampskipsekspeditør og skysstasjonshaldar i Gudvangen.

I 1890-åra utvida han bygningen og kalla den for Hansens Hotell. I 1920 vart hotellet selt til tidlegare skreppehandlar, no handelsmann i Gudvangen, Lars Hylland, og sonen Olav Larsen Hylland. Dei endra no namnet til Gudvangen Hotell. Det vart Olav si slekt som skulle ta seg av hotelltradisjonane vidare.

Under 2. verdskrig vart hotellet rekvirert til militært bruk av tyskarane. I 1951 overtok Olav Hylland eit anneks som Vikingvang Hotell hadde bygd på nedsida av vegen i Gudvangen og knytte annekset til drifta av sitt eige Gudvangen Hotell. Vikingvang Hotell på øvre sida av vegen vart kjøpt av Hans Martinussen Dræge som dreiv det kring ti år før det vart lagt ned for godt.

Sonen til Olav Hylland, Leif O. Hylland, tok over som hotelleigar i 1957 og dreiv Gudvangen Hotell saman med ektemaken Emma fram til sonen, Olav Hylland jr. og ektemaken Torild tok over som eigarar i 1986. Dei la eigedommane inn under Gudvangen Hotelldrift AS og bygde Gudvangen Fjortell som opna i 1991. Gudvangen Fjordtell har til saman 60 senger, restaurant for 300 gjester og ein uterestaurant med plass til 200.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 20.05.2011