Hopp til innhold
X
Innhald

Gravstaden i Aurlandsdalen

Fjellkyrkjegarden på Østerbø. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

Fjellkyrkjegarden på Østerbø. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

Minnesteinen som vart reist i 1953. © Fylkesarkivet.

Minnesteinen som vart reist i 1953. © Fylkesarkivet.

I Aurlandsdalen har det frå eldgamle tider vore busetnad. Mange av rudningsmennene kom frå Hallingdal. På 1800-talet var det seks bruk i fjelldalen som ligg 800 meter over havet.
Om nokon døydde vinterstid var det vetlaus gjerning å leggje ut på gravferd ned til Aurland.

Presten kom om våren

Difor vart ”Aurdalen gravplass” vigsla i 1858. Her vart fjellfolket jordfesta heilt fram til 1911. Når våren kom og det vart farandes, kom soknepresten opp i dalen for å lese messe over dei som hadde vorte jordfesta vinteren føreåt.

Minnestein

I 1953 vart det reist ein minnestein med inskripsjon på staden der den gamle gravplassen i Aurlandsdalen låg.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 26.05.2011