Hopp til innhold
X
Innhald

Gudvangen Fjordtell

Gudvangen Fjordtell. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Gudvangen Fjordtell. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Gudvangen Fjordtell har utgangspunktet i Gudvangen Hotell som vart starta på 1870-talet av ein Winger.
Hotellet vart seinare overteke av Martinus Hansen frå Levanger som i 1868 hadde starta som handelsmann i Gudvangen. Hotellet heitte Hansens Hotell fram til 1927 då Olav Hylland kjøpte det, og sidan har verksemda vore i Hylland-slekta. Sonen Leif Hylland tok over i 1957 og dreiv fram til Olav Hylland jr. tok over som dagleg leiar i 1986. I 1991 opna han Gudvangen Fjordtell med til saman 60 senger, restaurant for 300 gjestar og ein uterestaurant med plass til 200.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 24.05.2011