Hopp til innhold
X
Innhald

Gygra sikta på stavkyrkja

Ei segn frå Undredal fortel om ei gygre – trollkjerring – som budde i Skjerdal.

Ho vart harm på at det var bygd ei kyrkje i Undredal. Ho feste eit reip i Flennes på andre sida av fjorden for å dra det over til Skjerdal og såleis stengje Aurlandsfjorden. Men lina rauk, og gygra datt så tungt at det framleis finst ei hole i berget som vert kalla Gygrasete. Gygra vart no så harm at ho kasta ein kampestein mot kyrkja, men bomma. I staden hamna steinen i ei ei stor ur, der den kløyvde seg, og ligg der den dag i dag som Gletastein.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 16.02.2009